Kraftprodukter

Kvinnherad Energi er ei solid bedrift med lang erfaring og høgt servicenivå. Me kan gje god veiledning i val av kraftavtale tilpassa ditt behov. Som kunde hjå oss vil du få tilgang til eige område på internett, der har du mellom anna full oversikt over forbruket ditt, tidlegare faktura og du kan gjennomføra prøveavrekning.
Vi kan tilby fleire typar kraftavtalar, avtalar som følger svingningane i marknaden gjennom året, eller avtalar med årlege gitte rammer.

Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod på tlf. 53 47 56 50 eller epost: marknad@kvinnherad-energi.no

 

Vi kan tilby følgjande produkt:


Marknadspris

Marknadspris er ein kraftavtale basert på spotprisen, som er vår innkjøpspris frå kraftbørsen Nord Pool. I tillegg kjem eit påslag basert på årsforbruket av kraft. I mange tilfeller har denne type kraftavtale vist seg i å vera rimelegast over tid. Med ein slik avtale må bedrifta tåla svingningar i prisen, samt usikkerheit i storleiken på framtidige kostnader. Kontrakten har ei kort oppseiingstid.

Fastpris

Fastpris er ein gitt kraftpris for ein bestemt kontraktsperiode, vanligvis 1-3 år. Fastprisen gjev forutsigbarheit. Ettersom fastpristilbudet vil variera gjennom året, er det knytt usikkerheit til tidspunkt for kontraktsinngåelse.

Pluss.png

Energiforvaltning Pluss

Energiforvaltning Pluss er ein langsiktig kraftavtale for deg som ynskjer stabile og forutsigbare kraftprisar. Årsforbruket av kraft kjøper me inn i små porsjonar kvar veke perioden før levering, i opptil 3 år før krafta vert levert. Du som kunde får ein fast pris for kvart kalenderår, og kan sjølv velga kor stor del av forbruket du ynskjer å prissikra. Avtalen inneheld og ein forvaltningsdel. Denne vert nytta til å handla kraft i marknaden, som normalt gjev vinst og som gjev deg fråtrekk i prisen.