Lokalkrafta AS stifta - Me har tru på det lokale

Kvhkraft lokalkrafta.jpg

Lokalkrafta AS ble den 27 juni stifta med forretningsadresse Kvinnherad Energi, Dimmelsvik. Lokalkrafta AS er eit selskap eigd av Kvinnherad Energi, Hardanger Energi og Odda Energi. Selskapets verksemd skal vera marknadsføring og utvikling av merkevara Lokalkrafta. Selskapet skal selja tenester knytta til sal og marknadsføring av kraft og tilhøyrande produkt som profilerast under merkevara Lokalkrafta. Selskapet skal  tilby fellestenester til kraftsalsverksemder. Selskapet kan og tilby marknadsføringstenester til andre bransjer td. reiseliv, bank og industri. 

Kva er Lokalkrafta?

  • Allianse for å ta vare på lokal kompetanse, arbeidsplassar og lokalsamfunna.

  • Ein nasjonal marknadsføringskanal for kraftleverandørar med lokal forankring.

  • Unik marknadsføring gjort av dei som kjennar bransjen. Dette vert gjort ved bruk av lokale bileter og dialekt.

  • Marknadsføraren som nyttar sosiale medier som facebook, snap og instagram, samt google.

Dagleg leiar for Lokalkrafta AS er Kenneth Ingvaldsen, Marknad leiar ved Kvinnherad Energi, i tillegg jobbar Marknadskoordinator Magnhild Haugland med marknadsføringsplattforma for eigarane og medlemmer av Lokalkrafta. Stryn Energi signerte avtale 25. juni samarbeidsavtale med Lokalkrafta, og er med det fjerde tilknytta alliansemedlemmet.

Forretningsideen bak Lokalkrafta er som følgande:

«Som følgje av lovendring må alle vertikalintegrerte e-verk skilja ut den delen av verksemda som er monopol (nettverksemda) innan utgangen av 2020. Odda Energi, Kvinnherad Energi og Hardanger Energi har konkludert med at kvart av selskapa vanskeleg kan oppnå bærekraftig lønsemd for sine respektive kraftsal verksemder når ein står åleine, og har difor etablert eit samarbeid/allianse der ein deltek i same marknadsføringsplattform under merkevara Lokalkrafta. Samarbeidet er per i dag organisert slik at kvart av selskapa vidareførar kvar sine selskaper, men brukar felles merkevare, profileringsprofil og ein hovud markedsføringskanal (lokalkrafta.no).»

Les meir om Lokalkrafta her