Lokalkrafta - vårt nye varemerke

                                                                                  

FB-vennestraum-1.png

Straumven ordninga blir viktig i satsinga på lokale heltar

Lokalkrafta-logo-svart.png

Den 22. mai såg Lokalkrafta dagens lys. Lokalkrafta er eit samarbeid om felles marknadsføring av kraftsal frå Hardanger Energi, Kvinnherad Energi og Odda Energi, lokalisert i Hardanger og Sunnhordland.

 

  • Vi er glad for å kunne samarbeide om felles marknadsføring i vårt lokalområde.

  • Vi   gjer dette for å møte konkurransen frå større nasjonale selskap.

  • Vi trur at det er mogleg å behalde lokale kraftsalsverksemder i distriktet når e-verka no må skilje ut denne delen av verksemda i eige selskap.

  • Samarbeidet vårt er basert på at vi gjennom felles marknadsføring og merkevarebygging kan fortsetje å tilby våre kundar konkurransedyktige vilkår på kraft, og samtidig sikre at det blir lagt igjen midlar i lokalsamfunnet.

  • Vi ynskjer å tilby dagens kundar konkurransedyktige vilkår for kraftkjøp, samtidig som vi også trur at nye kundar tilknytt vårt geografiske område ser fordelen av å ha eit kundeforhold til oss. Å samarbeide om marknadsføring og merkevarebygging er starten på eit samarbeid som på sikt kan bli tettare og meir integrert.

  • Vi trur også at andre e-verk som skiljer ut si kraftsalsverksemd vil sjå det som interessant å samarbeide om marknadsføring og merkvarebygging. 

Som følgje av lovendring må alle vertikalintegrerte e-verk skilje ut den delen av verksemda som er monopol (nettverksemd) i eige selskap innan utgangen av 2020. Odda Energi, Kvinnherad Energi og Hardanger Energi har konkludert med at kvart av selskapa vanskeleg kan oppnå berekraftig lønsemd for sine respektive kraftsalsverksemder når ein står aleine, og har derfor etablert eit samarbeid/allianse der ein deltek i same marknadsføringsplattform under merkevara Lokalkrafta. Samarbeidet er pr. i dag organisert slik at kvart av selskapa viderefører kvar sine selskap, men bruker felles merkevare, profileringsprofil og hovud marknadsføringskanal (Heimeside Lokalkrafta.no). 

Pr. mai 2018 er det tre aktive samarbeidspartnarar i alliansen. Med ein total kundebase på vel 17.000 har alle selskapa har ein kundeandel i sitt geografiske område på meir enn 80 %. Det er svært bra og syner kundane ynskjer å bruka den lokale kraftleverandøren.

Selskapa i alliansen ynskjer primært å oppnå samkøyringsgevinstar i det vidare marknadsføringsarbeidet ovanfor eksisterande og nye kundar. Alliansen ynskjer å knyte til seg partnarar som har lik profil og struktur som dagens deltakarar, typisk mindre leverandørar av kraft til sluttbrukarar, med sterk og lojal kundebase i eige geografisk område. I seinare faser kan ein sjå for seg å samarbeide tettare. Dette kan bidra til vekst og sterkare satsing mot nye og større kundegrupper.

Etablering av merkevara Lokalkrafta, saman med straumven, er bærande i arbeidet med å profilere selskapa i alliansen. Å kjøpe av kraft hos oss er med på å støtte opp under lokal verdiskapning, sikre lokale arbeidsplasser og styra midlar til lokale lag og foreiningar. Vi vil tilby alle kundar moglegheiten til å gje eit bidrag til lokale lag og foreiningar gjennom straumvenordninga . Kunden kan velga ein Vennestraum-avtale gjennom oss, og saman med kunden støttar me den klubben eller organisasjon som kunden vel som straumven. Sjekk ut straumven ordninga her https://www.lokalkrafta.no/vennestraum

 

For meir informasjon ta kontakt med :

Kenneth Ingvaldsen, Marknadsleiar Kvinnherad Energi, tlf 934 11 432