Vil du vera med å gjera ein skilnad?

Kvhkraft lokalkrafta.jpg

Til vår satsing på merkevara og alliansen «Lokalkrafta», ein allianse mellom Kvinnherad Energi, Odda Energi og Hardanger Energi, søkjer vi etter:

Marknadskoordinator – prosjektstilling 1 år

Stillinga som marknadskoordinator gjeld for alliansen si satsing på at vi er:
• Den foretrukne kraftleverandøren lokalt.
• Lokalt forankra.
• Leverandøren som leverer lokal kraft i og utanfor regionen.

Arbeidsoppgåver:
- Ansvarleg for marknadsmateriell
- Web og sosiale medier
- Kontakt med alliansepartnarar
- Kontakt med samarbeidspartnarar
- Kampanjeplanlegging og gjennomføring
- Sal til privatmarknaden

Ynskja kompetanse:
- Utdanning og erfaring innan sal og marknadsføring
- Segmentering på digitale medier som Facebook, Instagram og Google AdWord
- Beherske engelsk muntleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
- Må ha førarkort
- Sjølvstendig og engasjert

Søkjarar bør vera gode relasjonsbyggarar, strukturerte og målbevisste.

Vi er inne i ei spennande tid og har store ambisjonar om vekst framover. Vi kan tilby eit godt og kreativt arbeidsmiljø i ein allianse som satsar. Om du ynskjer ein jobb der du er med på å gjera ein forskjell, er du rette personen for oss. Du må rekna med noko reising. Kontorstad er Dimmelsvik (min. 2 dagar i veka), Odda eller Kinsarvik, etter avtale.

Kontaktperson for stillinga: Marknad Leiar Kenneth Ingvaldsen, tlf 934 11 432
Søknad med CV sendast på epost til: kenneth@kvinnherad-energi.no

Søknadsfrist: 15 desember 2018.